Alt me gjer her i verda, gjer me av eigen vilje. Ein kan bruka det til å gjer både godt og vondt. Og det er då ein må skilja mellom desse to. For ingen vil vel gjera nokon noko vondt? Men likevell så skjer dette ganskje så ofte. Men me kan og velgja å gjera det gode. Og det er det som er så fantastisk!
Viss eg hadde valgt å ikkje gå på jobb den dagen, kva ville ha skjedd? For det første så hadde eg ikkje tjent den tusenlappen. Det hadde jo ført til mindre pengar å bruka. Men eg trur ikkje sjefen heller hadde blitt særleg glad. Då måtte ho ha ordna med ein som kunne ertstatta meg. Og dermed fått meir arbeid.
Fri vilje er det mest fantastiske som Gud nokon gong har gitt oss. Det er vår oppgåva å forvalta den på riktig måte. Bruka den til å gjera godt og ikkje ondt. Me kan endra verda viss me vil, det er eg overbevist om. Det er bare å velga det. Men verda er nok meir komplisert enn me nokon gong kjem til å innsjå. Og mennesket er eit egoistisk vesen, som kjem til å øydeleggja det mesta rundt seg på sikt. Men me har fortsatt VALGET til å endra på alt dette, viss me bare VIL. Det er viljen det står på til sjuande og sist!